Mytar og fakta om krigen

 

Av Rahul Mahajan og Robert Jensen (20. mars 2003)

 

Natt til torsdag (”last night”, dvs kvelden 19. mars amerikansk tid] kunngjorde presidenten vår for landet og verda at det er krig. La oss slå fast kva denne krigen er og ikkje er.

 

Denne krigen er ikkje eit resultat av mislykka diplomati.

 

Denne krigen er ikkje ein førebyggjande krig.

 

Denne krigen handlar ikkje om masseøydeleggingsvåpen.

 

Denne krigen handlar ikkje om terrorisme.

 

Denne krigen handlar ikkje om å frigjere det irakiske folket.

 

Diplomati: Landa bruker vanlegvis diplomati for å sleppe å gå til krig. Etter at Irak invaderte Kuwait i 1990, gjorde Frankrike, Sovjetunionen og Den arabiske ligaen talrike forsøk på diplomati. Alle klappa saman, først og fremst på grunn av at den første Bush-regjeringa var kompromisslaus. Denne gongen prøvde den andre Bush-regjeringa å bruke «diplomati» for å få til ein krig utan grunn og utan noko forsøk på å forhandle med Irak. Faktisk gav Irak etter på det eine punktet etter det andre, og det vart meir og meir klårt at same kva slags ynkeleg arsenal Irak hadde, så kunne inspektørane ha funne og uskadeleggjort det dersom dei hadde fått halde fram. Samstundes vart amerikanske forsøk på å tvinge andre land til å støtte krigen, meir og meir plumpe og trugande. Sjølv om desse forsøka for det meste var mislykka, var dei knapt retta mot å unngå krigen.

 

Førebygging: For å førebyggje ein trussel med krig, må det finnast ein truverdig grunn til å tru at trusselen finst, og at ingen andre strategiar vil verke. Ein trussel krev evne og vilje. I dette tilfellet greidde ikkje Bush-regjeringa å vise at Irak hadde evne, og ho prøvde ikkje å vise at Irak hadde vilje til å angripe.

 

Masseøydeleggingsvåpen: Som tida gjekk, vart løgnene, halvsanningane og forvrengingane frå regjeringa meir og meir latterlege. Frå skrekkhistorier om eit «ubemanna luftfarty» som viste seg å vere eit glidefly halde saman med grillspyd og pakketau, til falske dokument som hevda at Irak prøvde å kjøpe uran frå Niger – ikkje noko har halde vatn. Påstandar om biologiske laboratorium vart avsanna av våpeninspektørane, liksom påstandar om at Irak hadde eller var nær ved å få atomvåpen. Og sjølvsagt ville inspeksjonane som var i gang, ha sikra at ingen arsenal kunne byggjast.

 

Terrorisme: Denne påstanden er endå meir absurd. Det beste Bush-regjeringa kunne komme opp med, var ein jordansk militant med namn Abu Musab al-Zarqawi, medlem av Ansar al-Islam. Band mellom denne gruppa og anten al-Qaida eller den irakiske regjeringa finst det ingen andre bevis for. Ei fersk britisk etterretningsvurdering konkluderte med at det ikkje finst noko samband mellom Irak og al-Qaida.

 

Frigjering: USA bryr seg ikkje om verkeleg demokrati i Irak. I 1991, då eit folkeleg opprør etter Golfkrigen truga med å velte Hussein-regjeringa, greip USA inn for å halde Hussein ved makta. Grunnen som tenestemenn oppgav seinare, var at USA ønskte eit militærkupp for å oppretthalde det som Richard Haas i Det nasjonale tryggingsrådet kalla «Saddam-regimet utan Saddam». Sidan 11. september har Bush-regjeringa finansiert eit kuppforsøk i Venezuela, installert eit nikkedokke-regime i Afghanistan og stramma inn på grunnleggjande demokratiske rettar i USA. Det hadde vore ironisk om regjeringa ønskte demokrati for irakarar, men ikkje for amerikanarar. Amerikanske planar for Irak går tydeleg ut på å setje inn endå eit nikkedokke-regime.

 

Kva er så denne krigen? Han er ei overlagd aggresjonshandling. Han er del av eit forsøk på å få dei veldige energireservane i Midt-Austen under sterkare amerikansk kontroll. Han er nøkkelstadiet i å byggje eit nytt imperium. Han er ein del av eit langsiktig forsøk på å slå fast klårare enn nokon gong at makta rår i internasjonale saker, og feie vekk all rolle for folkerett eller institusjonar utanom dei som tener imperiet.

 

Endå eit faktum må vi hugse: Denne krigen starta ikkje natt til torsdag.

 

20. mars 2003 var berre starten på ein ny og meir intens fase av det amerikanske angrepet på Irak. Det har pågått sidan slutten av Golfkrigen i 1991, med den hardaste økonomiske boikotten i moderne historie, og med regelmessig bombing i over fire år.

 

Alt no har fleire hundre tusen – kanskje over ein million – uskuldige irakarar døydd i det angrepet som pågår. Når vi tel sivile tap frå denne nyaste fasen, må vi leggje dei til denne dødslista, slik at prisen for den amerikanske krigen ikkje blir tildekt.

 

Det er avgjerande å forstå dette, for når dei amerikanske militærstyrkane styrtar regjeringa til Saddam Hussein, bør vi ikkje bli forundra om vanlege irakarar jublar. Dei kjem ikkje berre til å feire at ein diktator går av, men også den etterlengta slutten på eit regime av redsle og naud som USA har tvinga på dei, der foreldre har måtta sjå born døy av matmangel og sjukdom som følgje av den skjerpa fattigdommen som boikotten har skapt.

 

Og til slutt: Akkurat som krigen mot Irak ikkje starta natt til torsdag, kjem ikkje den store krigen for eit imperium til å slutte med Irak. Andre land, spesielt Iran, er alt på lista over mål. Tenestemenn frå Bush-regjeringa snakkar om å teikne om att kartet over Midt-Austen. Lenger fram finst det ønskje om å motverke den veksande styrken til Kina.

 

Den amerikanske overtakinga av Irak kan nok ikkje stoppast. Men nett som det har vore ei tid for krig, kan det komme ei tid for rettferd dersom vi – borgarar i imperiet – innser at sjølv om dette slaget er tapt, er det framleis ei verd å vinne.

 

(Oversatt av Lars Staurset)

_________________________________

Den siste boka til Rahul Mahajan er «The U.S. War Against Iraq: Myths, Facts, and Lies», som skal komme ut snart. Robert Jensen, førsteamanuensis i journalistikk ved universitetet i Austin, Texas, er forfattar av «Writing Dissent: Taking Radical Ideas from the Margins to the Mainstream». Begge er medlemmer av Nowar-kollektivet (www.nowarcollective.com). Dei kan nåast på rahul@tao.ca.